Marint kompetansesenter

Fotokonkurranse - Vinneren er trukket

Jon Forberg fra Ålesund fikk med seg førstepremien i fotokonkurransen til Fiskebåt og Marint kompetansesenter

Juryen hadde ingen lett jobb med å plukke ut dei ti beste bilda frå fotokonkurransen som blei avslutta 1. desember. Kvaliteten var stort sett veldig god, og med mange flotte motiv.


«I juryen si vurdering heiter det; Fotografen av vinnarbildet har fanga ein situasjon der ver og lysforhold er med på å bygge opp under stemninga i bildet. Det dystre inntrykket blir forsterka av kontrasten mellom eit moderne fiskefartøy og den gamle sjøbua. I tillegg får fotografen også fram kontrasten i veret. Solstrålane som prøver å trenge gjennom det massive gråværet».


 Det er Marint kompetansesenter og Fiskebåt som har samarbeid om fotokonkurransen. Vinnaren har no fått premien som er eit Nikon D3400-kamera. Andreplassen er eit gåvekort på kroner 2000, som gjekk til Vegar Skare frå Ørsta. Tredjeplassen, eit gåvekort på kroner 1000 gjekk til Eivind M. Sævik frå Herøy.

Dei som kom på 4. til 10. plass får ein pakke med diverse profileringsprodukt frå arrangørane.
Her følgjer resultatlista i uprioritert rekkefølge;

1.plass  Jon Forberg
2.plass  Vegar Skare
3.plass  Eivind M. Sævik
4 til 10 plass
             Kurt O. kvalsvik
             Ronny Johansen
             Karl-Petter Adolfsen
             Trond Refsnes
             John Martin Johnsen
             Sebastian Gundersen
             Håvard Vatn Longva


Til sammen kom det inn 175 bilde fra mer enn 50 fotografer. Her er topp ti: